Den norske filmskulen lyser ut nye stipendiatstillingar i programmet “ph.d. i kunstnarleg utviklingsarbeid i film og liknande audiovisuelle kunstformer”. Det er fyrste gong så mange kunstfaglege stipendiatstillingar er vert lyst ut på filmfeltet på ein gong. Stillingane er og dei fyrste som vert lyst ut i filmskulen sitt nye ph.d. program som vart akkreditert tidlegare i år. Fem av stillingane er knytta til filmskulen og to er knytta til Fakultet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi (AMEK) ved Høgskulen i Innlandet. Stipendiatstillingane dekkjer fagfelta fiksjonsregi, produksjonsdesign, lyddesign, filmfotografi, konseptuell dokumentarregi, “dokumentar og audiovisuelle medier” og “spill og animasjon”. Søknadsfrist er 25. januar.
Leiar for ph.d. programmet Trond Lossius, professor ved Den norske filmskulen, vil leie eit ope informasjonsmøte om søknadsprosessen og stipendiatstillingane mondag 12. januar i kinosalen på Kunstnernes Hus i Oslo. Det vert gjort opptak av møtet som vert lagt ut på nettsidene til filmskulen i etterkant.
I sitt eige kunstnarlege utviklingsarbeid undersøkjer Trond Lossius samband mellom lyd, stad og rom gjennom feltopptak, audiovisuelle installasjonar og tverrfaglege prosjekter, ofte i samarbeid med andre kunstnarar. Han understrekar at utlysinga av heile sju kunstfaglege stipendiatstillingar er ei sjeldsynt moglegheit for filmfeltet.
- Dei andre kunstfelta har hatt sine ph.d. program sidan 2018, og no har vi endeleg fått etablert eit ph.d. program også på filmfeltet. Det er viktig at filmfeltet heng med i korleis utdanningsfeltet generelt utviklar seg. Det at vi no lyser ut så mange stillingar samstundes gjer at vi har moglegheit til å skape eit særs spanande miljø som kan bidra med kompetanse på mange av filmen sine fagområde.
Filmskulen søkjer utøvande filmkunstnarar eller filmarbeidarar til stipendiatstillingane, kva vil dei få ut av å ta ein ph.d. grad?
- Doktorgraden gjer deg ei moglegheit til å gå i djupna av noko du treng å undersøkje og arbeide deg inn i over lang tid. Som profesjonell kunstnar er ein involvert i mange prosjekt, men fokuset er oftast på resultata som kjem ut av det. Det kan være vanskeleg å finna tid til si eige kompetanseutvikling og den utforskinga som gjer at du kan flytta deg inn i nye felt og sjå nye moglegheiter. Doktorgradsprogrammet gjer deg arbeidsrom til å kunne prøve ut og utforske også utafor sjølve produksjonen, enten som ei førebuing til produksjonar eller som en oppfølging av vidare undersøkingar etterpå og refleksjonar rundt det. Du får også eit fagmiljø som du kan dele prosessen med, som vil vere engasjert i arbeidet ditt og gje innspel undervegs.
I omtalen av ph.d programmet står det at det er “forankra i kunstnarleg praksis”, hva vil det seie?
- Kunstutøvinga eller det du gjer gjennom praksis som filmarbeidar står i sentrum for doktorgradsprogrammet. Dette er ikkje ein akademisk eller ein teoretisk ph.d., det du ynskjer å undersøkje utforskar du gjennom å jobbe med det praktisk i filmfeltet.
Kven vil du tilrå å søkje stipendiatstillingane?
- Vi ser etter søkjarar som har opparbeida erfaring, men som gjerne kjenner at dei står ved eit vegkryss kor det er noko dei verkeleg har lyst til å gå inn, men som dei ikke finn rammene for å kunne utforska over lengre tid.
Stipendiatstillingane er fireårige og inkluderer 25% undervisningstid. Kva vil stipendiatane få ut av undervisningsdelen?
- Mine eigne erfaringar frå då eg var stipendiat, var at det var veldig fint med tid og rom til å gjere undersøkingar, men det som var aller mest verdfullt for meg var å være ein del av eit fagmiljø. Eg måtte heile tida fortelje kva eg arbeidde med og dele med andre, og fekk nye perspektiv gjennom samarbeid og utveksling av idear. Eg trur samhandlinga både med dei tilsette på filmskulen, men ikke minst studentane, gjer at ein vert ein del av et stort, undersøkjande miljø. Ein kan utforske det ein arbeider med saman med studentar og sjå korleis andre responderer på det, og det trur eg særs fagleg berikande undervegs.
Må du ha ein mastergrad for å kunne ta doktorgrad på filmskulen eller AMEK?
- Nei. Du må anten ha ein relevant master eller en erfaring og ein praksis som syner at det kunstnarlege arbeidet ditt er på same nivå som ein master. I og med at filmskulen sitt masterprogram berre har eksistert i nokre år og vi berre har uteksaminert tre kull så langt, reknar vi med at mange av dei stipendiatene vi rekrutterer kjem til å bli tekne inn på realkompetanse.
Kva for eit verd kan phd. programmet ha for filmfeltet?
- Eg trur at dette på sikt vil ha eit liknande verd som bachelorprogrammet, som no har eksistert i 25 år, har hatt for filmfeltet. Etter at filmskulen vart etablert blei det bygt ny kompetanse som har utvikla filmfeltet og eg er overtydd om at både masterprogrammet vårt og ph.d. programmet kjem til å gjere det same. Ph.d. programmet kjem til å gje filmfeltet og filmutdanninga personar som er på eit veldig høgt kompetansenivå, og som har ei verdifull erfaring i korleis ein arbeider med og utforskar nye ting som kan flytte feltet vidare.
For mer informasjon:
- Kom på informasjonsmøte 12. desember (opptak vert lagt ut her i etterkant)
- Sjå oversikt over alle stipendiatstillingane som er lyst ut her.
- Les intervju med noverande stipendiat Elin Festøy om hennar kunstnarlege utviklingsarbeid.