Gjensyn

Når Tyra reiser heim for å vitje familien, i høve den 20. dødsdagen til far hennar, blir verda deira snudd på hovudet når faren ringer på døra same kveld. Brått blir dei alle konfrontert med kva sorga har gjort med dei.

Reginotat

Vi kjem alle til å oppleva sorg i løpet av våre liv. Korleis den verkar på oss vil alltid være forskjellig, avhengig av kva slags tap vi opplever, og på kva slags tidspunkt i livet vi stifter kjennskap med døden for fyrste gong. Men det er likevel ein universell, menneskeleg oppleving.

Nokon gonger er den delte sorga, som ein familie opplever, noko som kan skape en djup avgrunn, ein avstand nesten umogleg å krysse, i det ein mister eigenskapen til å setje ord på kjenslene sine ovanfor kvarandre. Korleis tar ein et oppgjer med skuldkjensla og bitterheiten som har bygd seg opp over så mange år?

Eg mista sjølv far mini ein tidleg alder, og ynskte derfor å fortelje ei historie kor en sjokkerande heimkomst fører til at ein heil familie må konfronterast med korleis sorga har verka på dei.

Og korleis avgrunnen mellom dei kan kryssast, om dei bare er i stand til å tilgje dei menneskelege feila til kvarandre, og heller uttrykkje kjærleiken dei kjenner for kvarandre, djupt i hjartet.

For det er berre dei levande som kan redde oss, trass alt.

-Iain Forbes

Kontaktinfo og bio team:

Iain Forbes (regi), Tøri Gjendal (produsent), Lina Csillag (manus), Karoline Sødal Sellæg (foto), Brynhild Dagslott (produksjonsdesign), Natscha Ramlow Lerche-Jensen (klipp), Marthe Straum Lie (lyd), Richard Viken Klausmark (VFX)

  • Regi Iain A.S. Forbes
  • Produsent Tøri Gjendal
  • Manus Lina Csillag
  • Foto Karoline Sødal Sellæg
  • Produksjonsdesign Brynhild Dagslott
  • Klipp Natascha Ramlow
  • Lyd Marthe Straum Lie
  • VFX Richard V. Klausmark