I august 2026 tar Den norske filmskulen opp sitt sjette masterkull og tilbyr tre nye fagspesialiseringar: lyddesign, filmmusikkomposisjon og spelproduksjon. Nytt av året er også at filmskulen sine master- og bachelorkull no skal samlast på Lillehammer. Unntaket er den nye fagspesialiseringa i spelproduksjon, som vil få studiestad ved Spelskulen på Hamar, men alle spesialiseringar vil møtes til fellessamlingar på Lillehammer.
Fra dansefilmen "Clepsydra", masterprosjekt i visuell design av produksjonsdesignar Victoria Wælgaard (MFA kull 3). Foto: Kathinka Hustad.
Spanande fagmiljø og nye høve til samarbeid
Eli Bø, Instituttleiar ved Den norske filmskulen, ser fram til at dei nye masterstudentane skal bli ein del av eit større, tverrfagleg fagmiljø som inkluderar heile Fakultet for film, TV og spill som Den norske filmskulen er ein del av. Ho ser også stort potensiale i at Filmskulen sine bachelor- og masterstudentar no vil samlast på Lillehammer.
-Samlokaliseringa av bachelor- og masterstudentane opnar for spanande samarbeid og studentane vil gå ut frå skulen med eit endå større nettverk av medstudentar frå ulike fagdisiplinar, seier Eli Bø.
Med dei nye fagspesialiseringane lyddesign, filmmusikkomposisjon og spelproduksjon får masterstudentane også eit større tverrfagleg miljø på sjølve masterprogrammet. Dette gjer også nye høve til samarbeid.
-Eg er veldig glad for at vi har no har fått til eit tilbud i lyddesign, filmmusikkomposisjon og spelproduksjon også på masternivå. Det blir spanande å sjå korleis lyddesignarane, komponistane og spelutviklarane vil samarbeide med kvarandre og med studentane på dei andre fagspesialiseringane, seier Eli Bø.
Instituttleiaren understreker at sjølv om den fysiske lokasjonen endrast og nye fagspesialiseringar er komne til, er kjerna i masterprogrammet den same.
-Vi har ein fantastisk dyktig stab på master som over mange år har bygd opp eit program på eit høgt kunstfagleg nivå med fokus på at studentane får videreutvikle sitt kunstnarskap gjennom utforsking og eksperimentering, både individuelt og i samarbeid med andre, seier Eli Bø entusiastisk.
-Kunstnarleg utviklingsarbeid vil fortsatt være kjerna i masterprogrammet. Studiet er eit sjeldsynt høve for studentar som ønsker å dykke ned i eige kunstnarskap og jobbe på andre måtar og med andre metodar enn det dei kanskje har høve til i bransjen, avsluttar instituttleiaren.
Satsning på lyddesign og filmmusikkomposisjon
Fagansvarleg for den nye spesialiseringa i lyddesign og sonisk komposisjon på masterprogrammet er Gunn Tove Grønsberg, lyddesignar og førsteamanuensis på Filmskulen. Ho ser frem til moglegheitane spesialiseringa gjer til å jobbe tverrfagleg med lyd i samarbeid mellom dei tre skulane ved Fakultet for film, TV og spill.
-Vår ambisjon med en master i lyddesign og sonisk komposisjon er å skape eit sterkt, tverrfagleg tilbud som vil være makelaust i Norden med Fakultet for film, TV og spill som plattform, seier Grønsberg.
Masterstudentane på fagspesialiseringane lyddesign og filmmusikkomposisjon vil bli del av eit større spanande fagmiljø på fakultetet som inkluderer bachelorstudentane på lydlinja på Filmskulen, kunstfagleg ansatte ved dei tre skulane og to stipendiatar i lyd og filmmusikkomposisjon.
-Eg anbefaler fagspesialiseringa i lyd til lyddesignare, spel-lydutviklare, komponistar med interesse for lyddesign, og andre kunstnare med solid erfaring frå arbeid med lyd til film eller interaktive medier, og som ønsker å utforske arbeid innan sonisk komposisjon og få fordjupa innsikt i lyddesign som kunstnarleg praksis, seier Grønsberg.
Meir info om masterprogrammet
Søknadsfrist til masterprogrammet 2026-2028 er 1. mars.
Filmskulen sitt masterprogram i film og beslekta audiovisuelle kunstformer er ei toårig høgare kunstfagleg utdanning kor studentane får mogligheit til å utvikle sitt kunstnarlege uttrykk, forteljarteknikkar, prosessar og arbeidsmetodar.
Utdanninga har fokus på kunstnarleg utviklingsarbeid for fagspesialiseringar innan fiksjonsfilm, dokumentarfilm, animasjon, tv-produksjon, spelutvikling og beslekta audiovisuelle fagområder. Studentane kan velgje mellom spesialiseringane fiksjonsregi, dokumentarregi, manus, visuell design, lyddesign, filmmusikkomposisjon og spelproduksjon.