Internasjonalisering

Høgskulen i Innlandet oppmuntrar til internasjonalisering gjennom studentutveksling, praksisopphold (òg etter avlagt grad) og mobilitet blant dei tilsette og har stipendordningar både for studentar og tilsette.

Praksis i utlandet

  • Studentar kan søkja om praksis i utlandet, òg etter avlagt grad.
  • Både Bachelor- og Masterstudentar kan søkja.
  • Praksisopphaldet skal vara frå 2 til 12 månadar og omfattar berre land i EU, samt Island, Liechtenstein, Nord Makedonia, Storbritannia (ut mai 2023) og Tyrkia.
  • Studentane må sjølv finne praksisplass. Det må vera ein praktikantstilling, og den bør vera lønt, sidan det månadlege stipendet frå HINN i praksisperioden er avgrensa til ca 560 - 660 EUR, avhengig av land (satsar for 2021/2022). Lånekassen dekkjer ikkje praksisopphald som ikkje er ein del av graden. Du må betale semesteravgift til HINN for å få stipend.
  • Søknadsfrist for ordninga er normalt i byrjinga av mai (då må du ha klart eit tilbud om internship/ praktikantplass for å leggja ved søknaden). Du bør melda di interesse (ikkje bindande) for å delta i ordninga til HINN innan 1. februar.
  • Les meir om ordninga her.

Studentutveksling

  • Filmskulen har gjort ein avtale om utveksling for masterstudentar og stipendiatar med Stockholms Konstnärlega Högskola (SKH).
  • Opphaldet må vare i minimum tre månadar, men i særskilde tilfeller kan vi òg godkjenne opphald i to månadar.
  • Søknadsfrist: 15. februar for utveksling i haustsemesteret og 15. september for utveksling i vårsemesteret (stipendiatar kan òg delta i utvekslingen med SKH gjennom programmet for mobilitet for tilsette utanom søknadsfristane).
  • I tillegg til SKH, er det mogleg å dra på utveksling til alle universitet som HINN har avtale med, dersom dei òg har eit relevant studieprogram.
  • Les meir om ordninga her.

Mobilitet blant tilsette

  • Gjennom Erasmus+ kan tilsette reise på utvekslingsopphald for å undervise eller få opplæring. Dette gjeld både for fagleg tilsette, inkludert stipendiatar, og tilsette i teknisk-administrative stillingar.
  • Opplæringsopphald dekkjer følgjande aktivitetar: jobbskygging/observasjon, workshop/kurs/seminarer og staff training weeks (deltakelse på større konferansar eller reiser til partnerinstitusjonar for å opprette eller halde ved like institusjonssamarbeid blir ikkje dekt). Varigheit: 2 dagar til 2 månadar.
  • Undervisningsopphald: Må undervise minst 8 timar kvar veke. Varigheit på opphaldet: 2 dagar til 4 veker.
  • Land utanfor Europa er ikkje dekt av ordninga.
  • Stipendsatsar: 87-112 EUR per dag. Reiseutgifter: 20-1500 EUR. (2021/2022)
  • Ingen søknadsfrist.
  • Les meir om ordninga her.