Fleire av dei tidlegare studentane våre har òg gjort seg merka internasjonalt. Med Den norske filmskolen fekk Noreg ei etterlengta nasjonal filmutdanning, noko som var heilt nødvendig for vidareutviklinga av den norske filmbransjen.
I dag tilbyr Den norske filmskulen ein treårig kunstfagleg bachelorgrad og ein toårig kunstfagleg mastergrad, samt ein ph.d.grad i kunstnarleg utviklingsarbeid i film og nærskylde audiovisuelle kunstformer.
Å laga film handlar om å fortelja historier med levande bilde. Gjennom studiane ved skulen skal du utvikla deg til å bli ein sjølvstendig historieforteljar gjennom ein av linjene våre på bachelor eller studieretningar på master.
Formålet med utdanninga vår er å utdanna kvalifiserte yrkesutøvarar for film, fjernsyn og liknande medium. Vi er ei framtidsretta utdanning som samtidig tar vare på det tradisjonelle handverket i kvar fagretning. Den norske filmskulen ønsker å utvikla den kunstnariske utrykkskompetanse til kvar einskild student og deira personlege refleksjon på fagfeltet sitt.
Undervisning og penneprøver
Undervisninga ved skulen er jamt fordelt mellom fellesundervisning og linjeundervisning som er spesialtilpassa behovet til kvar enkelt linje. Ein stor del av fellesundervisninga omfattar eit stort tal praktiske fellesøvingar òg kalla "penneprøver".
Penneprøver er produksjonsøvingar der studentane jobbar i teams sett saman av skulen. Dette er øvingar med fokus på einskilde element i å laga film som tar utgangspunkt i ei rekke avgrensingar som lengde på film, tema, bruk av dialog, bruk av musikk, bruk av studio/location. Penneprøvene blir ikkje sett på som sjølvstendige filmproduksjonar, men øvingar i å læra å laga film som samtidig er veleigna til å læra metodar for samarbeid. Det filosofisk-pedagogiske grunnlaget er at avgrensingar utfordrar og utviklar kreativiteten og fantasien til studentane samtidig som handverket blir lært.
Erfaring viser at det ikkje er noken motsetnad mellom å utvikla den einskilde sin kunstnarlege eigenart – den personlege stemma – og å læra handverket. Snarare tvert imot er det å beherska handverket forløysande for det kunstnarlege uttrykket.
Gjennom heile studiet nyttar skulen seg av erfaringsbasert pedagogikk der studentane skal tileigna seg kunstnarisk uttrykkskompetanse ved å erfara i praksis forskjellige element av å laga film, reflektera over prosess og resultat og nytta det dei har lært i neste fase i dei kommande øvingane.
Såleis blir kompetansen og evnene til studentane utvikla gjennom praktiske øvingar, samtalar og evalueringar, og dessutan gjennom utveksling av erfaring. All undervisning og evaluering hos oss er obligatorisk då denne erfaringsutvekslinga mellom studentar er eit heilt sentralt element i utdanninga.
Vi legg stor vekt på studentdeltaking i evalueringar og oppfordrar alle til å bidra i diskusjonar, og til å komma med konstruktive tilbakemeldingar til kvarandre og til prosjekta. Vi meiner at dette er med på å stryka forståinga til den enkelte for faget og for kompleksiteten til filmproduksjonen.
Opptak
Vi har opptak anna kvart år. Neste opptak på Master er i 2022, medan neste opptak for Bachelor er våren 2023. Alle søkjarar må levera inn ein oppgåvesvar tilknytta den linja dei søker på, deretter vil kvalifiserte søkjarar gå vidare til ein omfattande opptaks- og intervjurunde.