PhD programmet
Det nye ph.d.-programmet ved filmskulen er forankra i kunstnarleg praksis og byggjer vidare på modellen frå bachelor og master-utdanningane. Da kunnskapsdepartementet i 2018 oppretta den heilt ny ph.d.-graden i kunstnarleg utviklingsarbeid, skildra dei fokuset på kunstnarleg praksis slik: "Kunstutøvinga skal stå i sentrum for doktorgradsarbeidet. Samstundes skal kunstutøvinga følgjast av ein eksplisitt refleksjon som ved framsyning av prosjektet gjer det mogleg for andre å ta del i den arbeidsmåten og innsikta som det kunstnarlege utviklingsarbeidet avlar".
Ph.d.-programmet vart først akkreditert av NOKUT i styremøte den 22. februar 2022 etter ein grundig søknadsprosess som vart avslutta med eit to dagars institusjonsbesøk på campus på Lillehammer og i Oslo. Den 15. juni avgjorde styret ved HINN formelt å setje i gang ph.d. programmet ved filmskulen og den 30. juni vedtok også Kunnskapsdepartementet formelt å oppretta programmet. Vi vil lyse ut ph.d-stillingar til høsten 2022.
Fagfeltet for programmet er «film og nærskylde audiovisuelle kunstformer» og det er åpent både for dei som arbeider innanfor meir tradisjonelle filmfaglege disiplinar og utøvarar som granskar nye teknologiar og format. Programmet skal gje rom for arbeid innan filmen sine spesialiserte fagområde, som regi og dokumentarregi, manus, produsent, foto, klipp, lyd, produksjonsdesign og VFX. Den næraste tida vil desse fagområda bli prioritert, for å balansera fleire år med stipendiatutlysningar innan VR og interaktivitet. Filmskulen ønsker kontinuitet og utveksling mellom tradisjonelle og nye medier, slik at dei saman kan være med på utvikle filmen sitt kunstnarlege uttrykk.
Vi vil kunngjere utlysinga av ph.d. stillingar på nettsidene våre, i sosiale medier og i filmskulen sitt nyhendebrev som du kan melde deg på her.
Stipendiatar ved Den norske filmskulen
For tida er det ni kandidatar i forskjellige stadia i stipendiatprogrammet. Dei er:
- Tidlegare student ved DNF, filmfotograf Cecilie Semec med prosjektet "Det moderne filmbildet".
- Transmediaprodusent Nadja Lipsyc med prosjektet "Lone Wolves Stick Together - Techniques for engaging and meaningful participatory storytelling in VR" (starta september 2017).
- Tidlegare student ved DNF, film- og tv-produsent Frederick Howard med prosjektet "Creating the Creatives" (starta oktober 2017, venta slutt 2022).
- Manusforfattar Cecilie Levy med prosjektet "Being There - A screenwriter’s exploration of Virtual Reality as a storytelling medium" (starta november 2017).
- Produsent og filmskapar Elin Festøy med prosjektet "Numb" (starta oktober 2018, venta slutt 2021).
- Spelskapar Bendik Stang med prosjektet "Non-Deterministic Ludo Narration" (starta oktober 2018, venta slutt 2023).
- Dalia Al-Kury med prosjektet "Futuring Documentary".
- Duane Hopkins med prosjektet "Future Film Language - Research into New Storytelling VR Techniques".
- Sonya Teich med prosjektet "To Look Directly at You".
Fire kandidatar har så langt fullført sine prosjekt gjennom stipendiatprogrammet. Dei er:
- Tidlegare student ved DNF, manusforfattar Ståle Stein Berg med prosjektet "Skildring og forteljing. Ein grenseoppgang mellom filmens antipoder" (ferdig 2009)
- Film- og tv-regissør Trygve Allister Diesen med prosjektet "Being the Director - Maintaining your Artistic Vision while Swimming with Sharks" (ferdig 2011)
- Forfattar og sceneregissør Siri Senje med prosjektet "Å dikte for film – originalmanuskriptet som diktverk" (ferdig 2013)
- Animatør og kunstnar Rafal Hanzl med prosjektet "Ways of expression: the impact of VFX technology on modern storytelling in film and interactive media production" (ferdig 2019)