Som dei fleste kanskje veit, er det ikkje nok å berre ta opp lyd på location når ein skal laga film.
Det er mykje som må lagast i ettertid og matchast nøye til bildeopptaka.

Då er det nyttig å ha eit velutstyrt foleyrom tilgjengeleg på høgskulen.


Foleyrommet - oversiktsbilde

Her kan ein skapa dei lydeffektane ein treng for å etter kvart danna eit komplett lydbilete.

I foleyrommet finst det klede, sko, dører, koppar, glas, skruar, grus, bøtter, småstein, boksar og mykje, mykje meir å eksperimentera med.

Foley Hoved
Foley mikserom