Studentane på Filmskolen er til stadigheit i aktivitet med å filma kursoppgåver, TV-seriar, eksamensfilmar og liknande.
Til dette formålet kan Filmskolen tilby to store studio der det går an å boltra seg i profesjonelle omgivnader.

Studioa heiter - pragmatisk nok - Studio 1 og Studio 2, og er på høvesvis 320 og 220 m2 (cirka).

Studio

Under taket heng det totalt 14 ‘trosser' (aluminiumsprofilar) à 6 meter, der lamper og andre ting kan hengast opp. Desse er festa i elektriske heisar, som igjen er festa i løpekatter slik at dei kan dragast fram og tilbake og heisast opp og ned til ønskte posisjonar.

Langs veggene heng det lange ‘gardiner' av brannhemmande molton, som kan trekkast fram eller til side i forhold til kva ein vil ha som bakgrunn.

Golvet er lagt med flytande sponplater, slik at det kan skiftast ved slitasje og/eller skade.

Studio listebilde
Studio karusell 6