Ph D gjeng Foto Sean Fulton re

Foto: Sean Fulton

Tekst: Hanne-Lovise Skartveit

Åtte nye stipendiatar i makelaust nytt ph.d. program på filmskulen

Åtte nye stipendiatar tok nyleg fatt på fire år med kunstnarleg utforskning innan film, spel og TV. Dei er del av Den norske filmskulen sitt nye ph.d.-program «Kunstnarleg utviklingsarbeid i film og beslekta audiovisuelle kunstformer».

Dei åtte stipendiatane som skal være ein del av det nye ph.d.-programmet til Den norske filmskolen dei neste fire åra er Izer Aliu, Therese Næss Diesen, Jørgen Stangebye Larsen, Rasmus Eriksson, Marie Suul Brobakke, KriStine Ann Skaret, Simon Jon Andreasen og Ole Christian Solbakken. Filmskulen samarbeider med TV-skulen og Spillskulen om programmet.

-Dette er eit eineståande ph.d.-program i både nordisk og internasjonal samanheng, seier ph.d. leder Trond Lossius. Vi er den einaste ph.d. utdanninga innan film og beslekta audiovisuelle kunstformer som tilbyr eit program der kunstøvinga står i sentrum. Det er nok det som har appellert til så mange interessante søkjarar med sterk forankring i bransjen og i feltet.

Filmskulen, TV-skulen og Spelskulen lyste ut stipendiatstillingane i desember 2022 og vi fekk inn nærare 70 søknadar til sju stillingar. Fem av stipendiatane er tilsette ved filmskulen og to høyrer til TV-skulen og Spelskolen ved Fakultet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi ved Høgskulen i Innlandet. I tillegg kjem óg ein stipendiat tilsett ved Høgskulen Kristiania med.

-Det var fantastisk gode søkjarar, fortel ph.d. leiar Trond Lossius. Vi skulle gjerne ha teke inn tre gonger så mange.

- Stipendiatane har både ei kunstfagleg tyngde og interessante prosjekt med von om nyskapning. Vi ser óg spanande koblingar på kryss og tvers mellom det stipendiatene vil arbeide med. Alt ligg til rette for å byggje eit sterkt felles forskningsmiljø som vil bidra til innovasjon innan audiovisuelle forteljingar og dei kunstneriske prosessane som ligg bak, avsluttar ph.d.-leiaren.

Stipendiat i fiksjonsregi finansiert av Eckbos legat

Regissør og manusforfattar Izer Aliu er stipendiat i fiksjonsregi. Denne stipendiatstillinga er finansiert av Eckbos legat.

Izer Aliu vart uteksaminert fra regilinja på filmskulen si bachelorutdanning i 2012 (kull 7) og vant Amanda for eksamensfilmen «Å vokte fjellet». Spelefilmdebuten «Fluefangeren» (2016) vann Amanda for beste regi og vart nominert til Nordisk Råd sin filmpris. NRK-serien «Jordbrukarane», kor Aliu var serieskapar saman med Anne Bjørnstad, vann fleire prisar under Cannesseries. Den siste spelefilmen hans, «12 bragder», fekk prisen for Beste nordiske fiksjon under Oslo Pix.

Izer Aliu

Izer Aliu, stipendiat i fiksjonsregi ved Filmskulen. Aliu si stipendiatstilling er finansiert av Eckbos legat (Foto: Sean Fulton)

I stipendiatperioden vil Aliu sjå på klippeprosessen frå regissøren sitt perspektiv og tek utgangspunkt i spørsmålet «Er all filmklipping ei løgn?» Han vil utforska klipping i dei ulike fasane av filmskapinga, fra skrivebordet til produksjon og postproduksjon. For Aliu gjer stipendiatet han eit kjærkome kreativt rom til å kunne fordjupe seg i eige arbeid som filmskapar.

- Eg minnest tida min på filmskulen som noko av det beste som har hendt meg, fordi eg hadde alt jeg trengte for å lage film når eg ville. Og eg orka. Ork er en viktig del av filmskapning. Det er elden som held fram med å brenne etter den fyrste gnisten av inspirasjon, for å seie det poetisk - eller kanskje litt pretensiøst. I forsøket på å vise noko meir om verden, om oss sjølve, gjennom kunsten blir ein ofte frustrert, utslitt og misforstått, men må likevel finne orken til å halde fram. Eg kjenner at den reisa eg skal ut på nå gjer meg ork, avsluttar Aliu.

Stipendiater i lyddesign, filmfoto, dokumentar og produksjonsdesign

Dei fire andre stipendiatane som skal ha filmskulen som sin arbeidsstad dei neste fire åra, er stipendiat i filmfoto Rasmus Eriksson, stipendiat i lyddesign Therese Næss Diesen, stipendiat i konseptuell dokumentarregi Marie Suul Brobakke og stipendiat i produksjonsdesign Jørgen Stangebye Larsen. Akkurat som Izer Aliu er dei óg alumni fra Den norske filmskulen.

Lyddesignar Therese Næss Diesen har tatt både bachelor (BFA kull 9) og mastergrad (MFA kull 2) på filmskulen og vil vera den fyrste i skulen si historie med utdanning fra alle tre nivå. Ho har jobba med opptak, foley, lydleggjing og lyddesign på kortfilm, spelefilm, dokumentar og tv-drama, og saman med Yvonne Stenberg har ho jobba i team under namnet «Foleyjentene». Næss Diesen har óg utforska lydkunst i andre format, som installasjonar, lyddrama og VR. Som stipendiat i lyddesign på filmskulen vert ho del av eit tverrfagleg forskningsprosjekt innan lyd og skal utforske lyd og rom.

Therese N Diesen

Therese Næss Diesen, stipendiat i lyddesign ved Filmskulen (Foto: Sean Fulton)

Dokumentarfilmskaper Marie Suul Brobakke vart óg uteksaminert fra filmskulen sitt andre masterkull i 2020. Der studerte ho konseptuell dokumentarregi. Attmed den kunstnerlege praksisen, har ho undervist i dokumentarfilm og visuell historieforteljing ved Danmarks Medie- og Journalisthøjskole, og har jobba i fleire år som TV-regissør og videojournalist i København. I stipendiatperioden vil ho utvikle eit konsept til ein dokumentarisk serie om kvinner si relasjon til natur, som samstundes utfordrar narrativ form.

Marie Suul Brobakk

Marie Suul Brobakke, stipendiat i konseptuell dokumentarregi ved Filmskulen (Foto: Sean Fulton)

Filmfotograf Rasmus Eriksson vart uteksaminert fra filmskolulen sitt tredje masterkull i 2022. Han har jobba som fotograf og kameraoperatør på ei rekke skandinaviske produksjonar, inkludert The Rain (Netflix), SVTs Den tynne blå linjen og Broen, og nyleg var han filmfotograf på TV-serien Bror for SVT. På masterstudiet fatta han for alvor interesse for virtuell produksjon og han har vært VP-supervisor på fleire skandinaviske prosjekter. Han vil utforske kva for nokre kunstnarlege moglegheiter og avgrensningar som ligg i virtuell produksjon sett fra fotografen sitt perspektiv. Kva slags visuelle uttrykk opnar VP for, korleis kan ein løyse tekniske utfordringar og avgrensningar i arbeid med teknologien og korleis vert arbeidsflyten endra når ein bruker VP? Kva for nokre kunstarlege valg opnar dette for?

Rasmus Eriksson

Rasmus Eriksson, stipendiat i filmfotografi ved Filmskulen (Foto: Sean Fulton)

Ny teknologi og nye samarbeidsformer

Produksjonsdesignar Jørgen Stangebye Larsen vart uteksaminert fra filmskulen si produksjonsdesignlinje i 2010, og sidan den gong har han jobba på ei rekkje spielefilmar i inn og utland. Han fekk Amanda for arbeidet sitt på Maria Sødahl sin spelefilm «Håp» og var nominert til Amanda for «Oslo, 31. august» av Joachim Trier , «Uskyld» av Sara Johnsen og «Skjelvet» John Andreas Andersen, ein film han óg fekk Nordisk Film sin talentpris for. Fra eit lengre samarbeid med regissør Hans Petter Moland har det kome ut filmar som «Ut å stjæle hester» og «Cold Pursuit», med Liam Neeson i hovudrolla. Det siste filmprosjektet deira, amerikanske «Thug», har forventa premiere i 2025.

Forskningsprosjektet hans «WYSIWYG -The Cyclorama of the Future» handlar om korleis vi kan nå eit kunstnerisk, estetisk og filmatisk interessant resultat («what we get»), dersom det vi ser «in-camera» («what we see») er ei verd eller eit univers som vert vekt til liv gjennom ei blanding av tradisjonelle fysiske dekorasjonar og såkalt «On-set Virtual Production» -teknologi med realtime LED-veggar, som rommar virtuelle kulisser.

Han brukar dei fysiske Cycloramaene fra 1800-tallet som et utgangspunkt for å understreke den kunstnarlege tilnærminga til ein digital teknologi. Cycloramaene var enorme malte sirkulære bilder av namngjetne slag og bylandskap kor dei bygde fysiske dekorasjoner i forgrunnen for å skape ei immersiv oppleving.

Image003 1

Jørgen Stangebye Larsen, stipendiat i produksjonsdesign ved Filmskulen.

Stangebye Larsen vil utforske virtuell produksjon både medan han arbeider som produksjonsdesigner på større filmprosjekt og gjennom mindre labøvelser i samarbeid med bransjekollegar.

-«On-set Virtual Production» er ein disruptiv teknologi, som utfordrar den tradisjonelle måten vi lagar film på. Dette synes eg er særs spanande. Korleis møter vi denne teknologien, og kva for nokre nye samarbeidsformer må til, når den digitale skapinga av en film kjem nærare den fysiske? Kan VP påverke måten vi fortel historier på, og korleis vi skapar verder der historiane speler seg ut?

-Forskingsperspektivet gjer meg ei ny tilnærming til arbeidet mitt og framtidige prosjekt. Produksjonsdesign strekk seg over mange fagområde. No kan eg fokusera på ein del av dette feltet som representerer ei ny teknologisk utvikling, samt utforske dei naudsynte samarbeida for å nå vellukka resultat med denne teknologien, konkluderer Stangebye.

Tverrfaglig samarbeid på tvers av fakulteter

To dei åtte stipendiatane i det nye doktorgradsprogrammet skal ha arbeidsstaden sin ved TV-skulen og Spillskulen. Dokumentarprodusent KriStine Ann Skaret er tilsett som stipendiat i dokumentar og audiovisuelle medier ved TV-skulen. Ho utforskar møtet mellom dramaturgiske metoder og dokumentarisk materiale, i balansen mellom det journalistisk etterretterlege og kunstnarleg fridom, gjennom utvikling av ein eller fleire dokumentarseriar.

- Stipendiatfelleskapet gjev gode utsikter til samarbeid på tvers av institusjonane. Vi kan dra nytte av kvarandre sin kompetanse, nettverk og ressursar, både i eigne prosjekt og i forhold til undervisninga, seier Skaret.

Stine Skaret

KriStine Ann Skaret, stipendiat i dokumentar og audiovisuelle medier ansatt på TV-skulen (Foto: Sean Fulton).

Skaret har lang fartstid som dokumentarprodusent. Produksjonane hennar har hausta priser i inn og utland og spenner fra kunstnarlege eksperimentelle filmar til meir tradisjonelle dokumentarportrett og hybridfilmaer. Nyleg vart ho nominert til Nordisk Panorama sin produsentpris som går til ein nordisk dokumentarprodusent som fortjener ei særskild anerkjenning for det dei har gjort for dokumentarfilmen.

For Skaret er stipendiatstillinga som ein moglegheit til å få gå i djupna, eksperimentere, utforske nye metodar og vere med å utvikle eige fagfelt.

-Det er fantastisk å få lov til å utvikle arbeidsmetodar med utgangspunkt i eigne idear og på prosjektet sine premissar, uttalar Skaret entusiastisk. Det at prosess og utveksling står i sentrum - ikkje kommersielle resultat - opnar opp for å arbeide med nye metodar, og forhåpentleg finne nye kvaliteter i arbeidet. Det kjennest utruleg privilegert å få dette rommet til refleksjon og fordjupning, og ha eit så solid fagleg felleskap i ryggen. Det ber jo óg i seg ein økonomisk tryggleik som eg vonar fører til større mot og vilje til å ta risiko.

Universskaping og nye metodar

Animatør Simon Jon Andreasen er stipendiat i speldesign og animasjon og er knytta til Spelskulen. Han har erfaring som regissør fra radio, film og TV og har utvikla interaktive forteljingar og spel som har vorte gitt ut av leiande forlag og kringkastarar. Han er medforfattar av læreboka «Håndbog i universskabelse» som nyleg kom ut.

Simon Jon Andresen

Simon Jon Andreasen, stipendiat i spilldesign og animasjon ansatt på Spillskolen (Foto: Sean Fulton).

Andreasen vil utforske korleis kunstnarar i ulike disiplinar kan bruke tenkning og digitale verktøy fra «worldbuilding» eller universskaping til å tilpasse eksisterande forteljingar til nye plattformar. Han kjem til stipendiatstillinga fra Den danske filmskulen. Der leia han animasjonsregi-utdanninga gjennom sju år.

- I Danmark har eg laga fire mindre «artistic research»-prosjekt om korleis ein utvikler originale univers. Og det har flere tusen elevar i Danmark, Norden, Europa, Afrika og Asia fått nytte av. Men for at eg for alvor skal kunne utvikle metoden har eg bruk for fordjupning. Med eit ph.d. program for film, tv og spel er Norge mykje lengre framme enn resten av Europa; programmet i Lillehammer er ein "lifesaver" for arbeidet mitt med å utvikle ny kunne om korleis ein lagar universa som høyrer til framtida, uttalar Andreasen.

Den siste nye stipendiaten i ph.d.-programmet er manusforfattar Ole Christian Solbakken. Han er høgskulelektor i manus ved Høgskulen Kristiania kor han er del av det DIKU-støtta forskningsprosjektet «Writing the Writer» av Siri Senje. Solbakken er utdanna manusforfatter fra Den norske filmskulen. Han har skrive animasjonsfilmen «Jul på Kutoppen», og jobba på fleire spelefilmar som «Mordene i Kongo» og «Håndteringen av Udøde».

I stipendiatperioden skal han utforske det biografiske dramaet og bruke tegning som metode i prosessen for å komme under huda på Gustav Vigelands mindre kjente kunstnarbror Emmanuel.

Ole Kristian Solbakken

Ole Christian Solbakken, stipendiat i manus tilsett på Høgskulen Kristiania (Foto: Sean Fulton).

Utveksling med studentane

Dei neste fire åra skal stipendiatane óg undervise og utveksla kunnskap og erfaringar med studentane. Stipendiat Jørgen Stangebye Larsen har undervist på Filmskulen før og ser fram til å fortsetje. Like før han byrja som stipendiat no i september hadde han ein felles workshop for det nye Kull 14 på Filmskulen sin bachelorutdanning.

-Det er spanande å ha undervisning for alle dei ulike disiplinane samla. Det gjer at ein fokuserer på korleis dei fleste delane av ein filmproduksjon er relevante for alle fagfunksjonar på ulike måtar; meir enn å fokusere på kva som er vårt og mitt og kva som skil oss fra kvarandre, siere Stangebye.

-Film er ein kollektiv kunstform. Samarbeid og forståing for kvarandre og kva vi kan bidra med og dra nytte av på tvers av disiplinane våre er heilt avgjerande og grunnen til at det å lage film gjer oss så mykje, avslutter produksjonsdesignaren.

Ph D gjengen 2 Foto Sean Fulton

Stipendiatene samla på Lillehammer: F.v. Ole Christian Solbakken, Marie Suul Brobakke, Rasmus Eriksson, Izer Aliu, Jørgen Stangebye Larsen, KriStine Ann Skaret, Therese Næss Diesen, prodekan for forskning og kunstnerisk utviklingsarbeid ved DNF og AMEK Nina Grünfeld, ph.d. leder Trond Lossius og Simon Jon Andreasen (foto: Sean Fultoin)

Izer Aliu

Izer Aliu, stipendiat i fiksjonsregi ved Filmskulen. Aliu si stipendiatstilling er finansiert av Eckbos legat (Foto: Sean Fulton)

Therese N Diesen

Therese Næss Diesen, stipendiat i lyddesign ved Filmskulen (Foto: Sean Fulton)

Marie Suul Brobakk

Marie Suul Brobakke, stipendiat i konseptuell dokumentarregi ved Filmskulen (Foto: Sean Fulton)

Rasmus Eriksson

Rasmus Eriksson, stipendiat i filmfotografi ved Filmskulen (Foto: Sean Fulton)

Image003 1

Jørgen Stangebye Larsen, stipendiat i produksjonsdesign ved Filmskulen.

Stine Skaret

KriStine Ann Skaret, stipendiat i dokumentar og audiovisuelle medier ansatt på TV-skulen (Foto: Sean Fulton).

Simon Jon Andresen

Simon Jon Andreasen, stipendiat i spilldesign og animasjon ansatt på Spillskolen (Foto: Sean Fulton).

Ole Kristian Solbakken

Ole Christian Solbakken, stipendiat i manus tilsett på Høgskulen Kristiania (Foto: Sean Fulton).

Ph D gjengen 2 Foto Sean Fulton

Stipendiatene samla på Lillehammer: F.v. Ole Christian Solbakken, Marie Suul Brobakke, Rasmus Eriksson, Izer Aliu, Jørgen Stangebye Larsen, KriStine Ann Skaret, Therese Næss Diesen, prodekan for forskning og kunstnerisk utviklingsarbeid ved DNF og AMEK Nina Grünfeld, ph.d. leder Trond Lossius og Simon Jon Andreasen (foto: Sean Fultoin)


Siste artikler

DSC03215 copy JPG2

Åpen dag på zoom 3. desember: Opptak 2025

Er du nysgjerrig på filmskolen? Vil du lage film og dele ditt blikk på verden? 3. desember inviterer vi til åpen dag på zoom så du kan bli bedre kjent med bachelorutdanningen som har søknadsfrist 13. januar.

Klippesymposium NFK

Klippesymposium med klipperne av The Crown og Exit

Norske filmklippere arrangerer klippesymposium for film og TV i Oslo helgen 30.11-01.12 i samarbeid med NFI, Vega Scene, Avid og Den norske filmskolen. Her får du møte klipperne av kritikerroste The Crown, Babylon Berlin, Exit og den nye danske dramaserien av Thomas Vinterberg, Families Like Ours.

Fuld Af Kærlighed sq

P

I samarbeid med Fondet for Dansk-Norsk Samarbeid inviterer filmskolen til regissørmøte og visning av det danske familiedramaet "Full av kjærlighet" på Vega 4. desember. Etter visningen kan du møte regissør Christina Rosendahl i samtale med Stefan Faldbakken.

1x1 hvit

Konferanse om kunstig intelligens i filmbransjen

Hold av datoen 20. november for en høyaktuell heldagskonferanse om kunstig intelligens i filmbransjen.

Ingvild Atchy Nordic Panorama Pitch Prize Foto Kjersti Normann

Avgangsstudenter fra filmskolen gjorde rent bord under Nordic Talents

Ingvild Dahlgren vant pitcheprisen under årets utgave av Nordic Talents, mens Atchy Konesh fikk hederlig omtale. Begge er nylig uteksaminerte alumni fra Den norske filmskolens kull 13.

MF Akull5

Nytt masterkull på plass i Oslo!

Forrige uke begynte filmskolens femte masterkull på sin toårige kunstfaglige masterutdanning på Myrens verksted.