Kva: Praktisk kurs i virtuell produksjon
Når: Kurset foregår over tre fulle dager, 14.-16. november 2023
Kvar: Den norske filmskolen si masterutdanning i Oslo, Myrens Verksted 6F (inngang ved Akerselva)
For kven: Teams samansett av 1 produsent, 1 regissør, 1 DOP, 1 Produksjonsdesigner. Gruppesøknader vil bli prioritert
Deltakaravgift: 6800 kroner per deltakar (Inkluderer enkel lunsj alle kursdagar)
Påmeldingsfrist: Løpande (påmelding her: https://nettskjema.no/a/virtuellproduksjon )
Den norske filmskolen, i samarbeid med Xvision, tilbyr i haust eit praktisk kurs innan virtuell produksjon. Kurset går føre seg i Den norske filmskolen sitt studio i Oslo over tre dagar og gir deltakarane praktisk erfaring med prosedyrer som inngår i prosessen, frå previsualisering til opptak i eit virtuelt studio set (VSS).
Virtuelle studio set (VSS) er ein innovasjon som erstattar tradisjonelle “on-location”- og studio opptak med fotorealistiske virtuelle miljø. Ved bruk av VSS migrerer ein stor del av prosessane i ein filminnspeling frå det fysiske til det digitale rommet, som i sin tur reduserer kostnadar og karbonutslepp frå blant anna reise, transport og eingongsbruk av scenografi.
I kurset vil du og teamet ditt få innsikt og praktisk erfaring med prosessar og verktøy som er naudsynt å forstå for å ta i bruk teknologi og arbeidsmåtar knytta til Virtuell Produksjon.
Kursets form:
Kurset er ope for 16 deltakarar og vert gjennomført i grupper på fire (4) med tett oppfølging frå kursleiarane.
Dag 1 – Tirsdag 14. november - Gruppevis planlegging av opptak
Dag 2 – Onsdag 15. november - Gruppevis previsualisering før opptak
Dag 3 – Torsdag 16. november Gruppevis opptak i et virtuelt studioset (VSS)
Kva lærer du?
Etter endt kurs vil deltakeren kunne:
- Nytte VP-konseptualisering og designmetodar i eigne preproduksjonar.
- Vurdere/analysere fordeler og utfordringar med VP i tradisjonell film og TV-produksjon. - Samanelikne VP arbeidsflyt med andre relevante digitalt støtta arbeidflyt i film og TV-produksjon.
- Beskrive tverrfaglege samarbeidsrutiner i virtuell produksjon.
Kursets innhold
Gjennom praksis dekker kurset nøkkelkonsepter i virtuell produksjon som:
- Sanntids digital visualisering for film og TV.
- Interaksjon mellom digitale og fysiske filmset.
- Smidig utvikling i kontekst av virtuell produksjon.
- Tverrfaglig samarbeid om previsualisering.
- Tverrfaglig samarbeid på tvers av film / TV, “digital arts” og spilldisiplinar.
Kven er kurset for?
Du må oppfylle følgjande opptakskrav for å delta på kurset:
-Avansert forståing for tradisjonell film- eller TV-produksjon.
-Grunnleggjande forståing for
- digitalt støtta arbeidsflyt I film og tv-produksjonar
- smidige samarbeidsmetodar