Regissøren undersøker karakterar og forteljarstrukturar, samt dei scenografiske, auditive og visuelle rammene for eit konsept. Utdanninga vert avslutta med produksjon av ein dokumentarisk produksjon – enkeltståande eller seriell - med tilhøyrande pitch-materiale og pilot.
Studiet føreset at du har erfaring med å filme sjølv og er oppteken av å utforske den kunstnarlege ståstaden din.
Vurderinga vår for opptaket vert fyrst og fremst basert på dei tidlegare arbeida dine, det kunstnarlege nivået og forteljarevna di.