Studiane på Den norske filmskulen byggjer på prosjektbasert, kunstnarleg utviklingsarbeid, med ein kritisk refleksjon rundt intensjonar, prosess og resultat. Regissøren vil ha særleg fokus på å undersøkja den personlege forteljarstemma si gjennom preproduksjon og testing av ideane sine, samt å utvikla døme på dei kunstnarlege måla sine med omsyn til struktur, utrykk og kommunikasjon med publikum.
Regissøren skal kunna reflektere over eige uttrykk og metodar, samt vidareutvikla erfaringa si i personinstruksjon og mise-en-scene.
Som kreativ leiar treng regissøren god innsikt i og kommunikasjon med andre fagområde. Difor legg skulen til rette for workshops og samarbeid med studentar frå andre fordjupningar, med fokus på både utvikling og produksjon.