IMG 0631

Oscar-sølv til eksamensfilm!

Det vart Student-Oscar sølv i natt på kull 12-eksamensfilmen "Gjensyn". Regissør Iain Forbes og nesten heile teamet gjekk opp på scena for å ta imot den gjeve prisen under prisutdelinga i LA.

Regissør og manusforfattar Iain Forbes opna takketala si med ei anekdote frå filminnspelinga av "Gjensyn" for snart to år sidan som fekk salen til å humre: "På opptak i vintermørkret, i eit iskaldt hus bygd i det nittande århundre, kven skulle tru at vi skulle møtast igjen her, i solfylte LA".

Nesten heile teamet slo følgje med Iain til Los Angeles, og i går kunne dei endeleg gå saman opp på scena på The Samuel Goldwyn Theater og ta imot prisen for eksamensfilmen: Regissør Iain Forbes, produsent Tøri Gjendal, fotograf Karoline Sødal Sellæg, produksjonsdesignar Brynhild Dagslott, klippar Natascha Ramlow Lerche-Jensen, lyddesignar Marthe Straum Lie og VFX Richard Viken Klausmark.

Dei 10 vinnarane som fekk premiane sine i natt vart plukka ut blant 2,443 bidrag frå 720 filmskuler og filmutdanningar frå heile verda. Tidligare vinnarar omfattar kjende namn som Spike Lee og Robert Zemeckis. "Gjensyn" var ein av tre vinnarar i kategorien "Narrative" og alle vinnarane kan nå konkurrera om å bli nominert for beste kortfilm i Oscar-utdelinga i februar.

Takka teamet

Under seremonien, som vart streamet live kl 04:30 norsk tid, takka regissøren sine næraste, lærare, stab og medstudentar på filmskulen og andre samarbeidspartnarar, men fyrst og framst hylla han teamet sitt:

"Eg vil takka fotograf Karoline Sødal Sellæg, for sin jamt å streve etter eksellens, og for å nå det igjen og igjen; Produksjonsdesignar Brynhild Dagslott for å skape eit levande, pustande rom som inspirerte historia gjennom heile prosessen; Klippar Narascha Ramlow Lerche-Jensen for eit kritisk, kjærleg blikk som aldri mista det som tydde mest av syne; Lyddesignar Marthe Straum Lie for å veva atmosfærer av sorg og uro saman til harmoni; VFX Richard Viken Klausmark for på meisterleg vis skapa bileta vi trong til klimakset. Produsent Tøri Gjendal, ei samlande naturkraft som denne filmen skuldar kvar einaste bilete av si eksistens. Og dei som ikkje er her i kveld, medforfattar Lina Csillag, komponist Martin Olsen og resten av dei eineståande skodespelarane og crewet."

"Film er på sitt vakraste når den når oss emosjonelt"

I takketala skildra Iain "Gjensyn" som ei historie som handlar om familie og sorg, men endå viktigare, om kjærleil.

I filmen reiser Tyra (spelt av Thea Sofie Loch Næss) heim for å vitja familien den dagen det er 20 år sidan hennar elska far døydde. Når faren ringer på døra same kveld ver verda deira snudd på hovudet. Brått vert dei alle konfrontrert med kva sorga har gjort med dei. de alle med hva sorgen har gjort med dem.

Eksamensfilmen tek utgangspunkt i Iains sine egne erfaringar med sorg.

-Utgangspunktet for forteljinga var jo veldig personleg, sidan filmen handlar om mine tankar rundt sorga eg har etter far min, som døydde då eg var 13, og korleis sorg påvirker ein familierelasjon, uttalte regissøren i eit tidligere intervju med Filmskolen.

Under premieutdelinga avslutta han med å minne oss på korleis film kan føre oss nærare saman:

-For meg er film på sitt vakraste når den når oss på eit emosjonelt plan. Det er ei påminning om kor like vi eigentleg er. Vi gjør klokt i å hugse på dette.

Opnar dørar

Å vere Oscar-vinnar opnar nye dører. Regissøren rapporterer fra LA at The Academy har hatt eit intenst program for alle Oscar-vinnarane, med middagar, møter, visningar og opplevelingar for å introdusere dei til bransjen.

-Gjennom å vere student-Oscarv vinnar får jeg ein mentor frå the Academy i åtte månadar. Eg har fått møtt produsentar bak nokon av dei aller største amerikanske filmane. Dei seier at dei vil at vi vinnarar alltid skal føle oss velkomne og at vi nå er ein del av Oscar si historie. Så ein merkar at dette betyr mykje meir enn bare ein pris, men at ein også nyt godt av ein godvilje i den amerikanske filmbransjen.

D 1

Still fra "Gjensyn" (Foto: Karoline Sødal Sellægg)

Den norske filmskulen gratulerar Iain og heile teamet og gler oss til å følgje dei vidare!

D 1

Still fra "Gjensyn" (Foto: Karoline Sødal Sellægg)


Siste artikler

Avgangsvisning MF Akull42025 forside

Bransjevisning av avgangsprosjekter fra masterkull 4

Mandag 28. april på Cinemateket i Oslo blir det eksamensvisning for tre masterstudenter fra kull 4: Benjamin Mosli, Ida Margrethe Neverdahl og Asne Vaa Greibrokk.

Image002

Midtveisevaluerng for stipendiat Ole Christian Solbakken

På Myrens Verksted 29. april får vi et innblikk i den kunstneriske prosessen manusforfatter Ole Christian Solbakken står i midtveis i stipendiatperioden. Han arbeider med et biografisk drama om broren til Gustav Vigeland, Emanuel Vigeland.

Maria På Sett forfra Foto Sean Fulton

Maria på lydlinjen: “Det er det emosjonelle med lyddesign som driver meg”

Lyddesigner Maria Bardal går andre året på filmskolens bachelor. Hun er en av seks studenter på lydlinjen, som har søknadsfrist 1. mars. Som lyddesigner kan hun få deg til å føle noe annet enn det som ligger i bildet alene når du ser en film.

OPPTAK 2025 IG 3112 PD LYD5

Åpent zoom-møte: Vil du skape verdener?

Produksjonsdesignlinjen har søknadsfrist 1. mars og 12. februar kan du møte produksjonsdesigner Astrid Astrup på zoom. Hun vil gi et innblikk i hvordan hun gjenskapte 80-tallet i serien Lykkeland.

Malte Eli PRIS

Filmskolen tildelt Nordisk Film-pris for sin betydning for filmbransjen.

Under prisutdelingen Isbjørnen på Vika kino ble Den norske filmskolen tildelt Veiviseren for sin betydning for den norske filmbransjen. Manuslærer og regissør Lilja Ingolfsdottir fikk Nordisk Films Talentpris for debutfilmen "Elskling".

OPPTAK 2025 IG LYD11

Åpent zoom-møte: Vil du bli filmforteller med lyd?

Lydlinjen har søknadsfrist 1. mars og 13. februar kan du møte lyddesigner og filmskolelærer Gunn Tove Grønsberg på zoom. Hun vil gi et innblikk i hvordan hun skaper karakterer, rom og stemninger med lyd.