Studiet i visuell design gjev fotografar og produksjonsdesignarar sjansen til å utforska ulike plattformar og format for å skapa nye og eksperimentelle visuelle uttrykk og forteljarmåtar. Spenningsfeltet mellom klassiske filmdisiplinar og nye medier som omfattar både lineære og interaktive forteljarformar er et fokusområde innanfor visuell design.
Studentane skal formulera sitt personlege biletspråk, vidareutvikle dei visuelle evnene sine og skaffa seg fagspesifikk kompetanse innanfor eit breitt register av visuelle fag. Studiet fokuserar på konseptutvikling, testar og pilotar i tverrfagleg samarbeid med masterstudenter frå andre fagområder ved skulen, gjennom eigne prosjekt og i samarbeidsprosjekt med eksterne filmmiljø.