Oppbygginga av studiet skal støtta ein djupare forståing av eige fagfelt og samstundes styrka utviklingen av ein undersøkande og nyskapade praksis. Ein viktig del av studiet er å gje studentane ei forståing av dette arbeidet gjennom teoretiske emne og praktiske øvingar.
Undervisninga i første semester skjer i samspelet mellom teoribaserte emne-introduksjonar, prosjektarbeid og workshops. I andre semester utviklar og gjennomfører kvar student sitt eige fordjupningsprosjekt, medan tredje og fjerde semester i sin heilskap er vigd sjølve masteroppgåva.
Læringsmål og forventningar til deg som student
Masterutdanninga vår skal vera eit rom for kreativ samhandling rundt kritisk og reflekterande diskusjon, samtundes som ho gir kompetanseutvikling for dei enkelte spesialiseringane.
Det overordna læringsmålet er å vidareutvikla eige kunstnarlege ståstad og evna til formidling. Det sekundære læringsmålet er større innsikt og erfaring i eige fagområde. Utdanninga fokuserer derfor på å utvikla den kunstnarlege uttrykkskompetansen til den einskilde student og deira personlege refleksjon.
Studiet krev eit stort personleg engasjement. Kvar student må by på seg sjølv og erfaringane sine for å gjera både utdanninga og den kunstnarlege utviklinga til medstudentane rikare.
Relevans for arbeidsliv og vidare studiar
Fullført studium gir grada «Master i film og nærskylde audiovisuelle kunstformer» (Master of Fine Arts) .
Med denne forma for spisskompetanse innan ei spesialisering eller eit fagområde som du sjølv vel, vil det vera svært store moglegheiter for engasjement etter studiet. Filmskulen arbeider mot eit stadig tettare samarbeid med kringskastarar og produsentar for å gje kandidatane våre eit springbrett mot bransjen. Det same gjeld for dei som vel å spesialisera seg mot filmmusikk-komposisjon.
Studiet kan gi opptaksgrunnlag til Den norske filmskulen sin ph.d-utdanning og ph.d. utdanningar innanfor kunstfag ved andre norske og utanlandske universitet og høgskular. Nærare krav til opptak til eit ph.d-studium blir avgjort av den enkelte institusjonen som gjev ph.d-utdanning.
Generelle opptakskrav
Mastergradsstudiet er ein erfaringsbasert master. Det inneber at du i tillegg til ein kunstfagleg bachelor (eller tilsvarande) må ha relevant praktisk erfaring i minimum 2 år.
Praktisk bransjeerfaring kan i visse tilfelle vera gjeldande òg om ho ligg i forkant av din bachelor.
Søkjarar må beherska norsk, dansk eller svensk (skriftleg og munnleg) og kunne følgja undervisninga på desse språka samt på engelsk.
Vurderinga vår for opptak blir fyrst og fremst basert på dei tidlegare arbeida dine, det kunstnarlege nivået, den dramatiske forteljarevna eller det nyskapande dokumentarspråket. I tillegg må du ha ein sterk motivasjon for studiet og ha eit klart utviklingsmål for studieperioden.
Tidligere arbeid eller produksjonar kan vera alt frå fiksjons-filmar, TV-drama eller annan TV-produksjon, manuskript, animasjon, spel, dokumentarar, musikkvideoar, og/eller interaktive historiar i nye format.
Masterstudiet er eit toårig heiltidsstudie og gir grunnlag for lån i Statens lånekasse for utdanning.