Søknadsprosessen Opptak MFA 2024

Du kan søkje på følgjande spesialiseringar: Manus, Fiksjonsregi, Konseptuell dokumentarregi, Produsent og Visuell design. Søknadsfrist for masterprogrammet med studiestart i august 2024 er 1. mars 2024.

KORLEIS SØKER EG?

Hugs at du må registrere søknaden din elektronisk i Søknadsweb før du leverer nettskjemaet, sidan du treng det 5-sifrede søknadsnummeret for å komme vidare i nettskjemaet. Etter å ha registrert deg i Søknadsweb kan du levere opptaksprøvane for spesialiseringa(ne) du vil søkje på i Nettskjema.

Filnavn: Vi ber deg om at du gir alle filene du skal laste opp unike navn knytt mot det søknadsalternativet det gjeld, og at du har med søkjarnummer og navn. Eks. "10000 Hansen vedlegg 1 foto.pdf".

Du har 4 timar på å fullføre nettskjemaet, og kan dessverre ikkje mellomlagre - så vi ber deg ha all dokumentasjon klar når du bestemmer deg for å levere nettskjemaet.

Filmfiler må du laste opp på Vimeo, og lenke må du leggje inn i nettskjemaet der dette vert spurt etter.

Lydfiler/bildefiler må du laste opp i Den norske filmskolens eigen opplastingsbank Filemail. Dette må du gjere etter at du har fullført og sendt inn dette nettskjemaet. Du vil og finne lenka til Filemail i kvitteringen du får når nettskjemaet er innsendt.

  • Søknadsfrist: 1. mars 2022
  • Veke 12: Vi sender ut informasjon til søkjarane om dei kjem vidare til intervju.
  • Veke 13: Gjennomføring av intervjuer.
  • Veke 14: Vi sender ut informasjon til søkjarane om dei kjem vidare til opptaksprøver.
  • Veke 16-17: Gjennomføring av opptaksprøver.
  • Vi sender ut svarbrev via søknadsweb og tilbud om opptak innan veke 18.
  • Svarfrist på tilbod om opptak: ei veke etter utsendt svarbrev.