Generelle opptakskrav MFA Opptak MFA 2024

Mastergradsstudiet er ein kunstfagleg master. Opptakskrav er bachelorgrad frå film/TV eller tilsvarande kunstfagleg utdanning.

Generelle opptakskrav

Bachelorgrad frå film/TV eller tilsvarande kunstfagleg utdanning, med minimum 60 studiepoeng fordjupning som er relevant for fagretninga du søkjer.

I særskilde tilfelle kan vi gjere unntak frå bachelor-kravet for søkjarar med ein dokumentert kunstfagleg praksis og erfaring som vert vurdert som tilsvarande bachelorgrad (realkompetansevurdering).

Opptak skjer annakvart år og søknadsfristen for masterprogrammet 2024-26 er 1. mars 2024.

Søkjarar leverer ein skriftleg søknad som er tilpassa den spesialiseringa dei søkjer på. Endeleg opptak skjer på grunnlag av intervjuer og opptaksprøver.

Ved opptaksprøven forventar vi at søkjarane dokumenterer eit høgt kunstnerisk nivå innan eiga fagretning.

Når vi vurderer opptak ser vi fyrst og framst på dei tidlegare arbeida dine, det kunstneriske nivået, den dramatiske forteljarevna, det nyskapande språket eller innovative potensialet. I tillegg forventar vi å finne sterk motivasjon for studiet og at søkjar har eit klart utviklingsmål for studieperioden.

Språkkrav

Søkjarar må beherske norsk, dansk eller svensk (skriftleg og munnleg) og kunne følgje undervisninga på desse språka samt på engelsk. For søkjarar som ikkje har gjennomført videregåande skule i eit skandinavisk land må norskprøven nivå B2 vere bestått før semesterstart (Det finst to høve til å ta prøven innan semesterstart, norskprøven på våren har påmeldingsfrist 2. februar og norskprøven for sommearen har påmeldingsfrist 19. april 2024. Sjå https://www.kompetansenorge.no...).