Bachelor i film og TV

Den norske filmskulen sitt kunstfaglege bachelorstudium tilbyr ein intensiv 3-årig utdanning innanfor film og fjernsyn, med fokus på å utvikla den einskilde filmskaparen sin kunstnarlege eigenart og samarbeidsevner.

Bachelorstudiet består av ein 3-årig kunstfagleg utdanning på i alt 180 studiepoeng der all undervisning er obligatorisk. Opptak er baserte på innlevert søknad og ein omfattande opptaks- og intervjurunde spesialtilpassa kvar enkelt linje og fagfunksjon. Bachelorprogrammet består av 7 fagområde, frå no av kalla linjer:

Manus, regi, produksjon, foto, scenografi, klipp og lyd.

Målsetjing

Filmskulen har som mål å utdanne kvalifiserte yrkesutøvarar for film, fjernsyn og nærskylde medium som kan vareta og føre vidare dei kunstnarlege og handverksmessige fagtradisjonane. Vi legg stor vekt på utviklinga av den kunstnarlege uttrykksforma til den enkelte student og personlege refleksjon innanfor eige fagområde.

Strukturen til studiet

Studiet ved DNF er delt i to; ein felles del og ein linjespesifikk del der begge er verd 90 studiepoeng kvar. I første semester er hovudfokuset på fellesdelen, medan linjespesifikk undervisning vil vera aukande i dei følgjande semestera. Samtundes er felles produksjonsøvingar ein sentral del av utdanninga, og desse veks i omfang og kompleksitet etter kvart som evnene til studentane og kompetanse blir utvikla.

Studiet er erfaringsbasert og semestera er bygd opp på ein måte som skal gje kvar enkelt student ein god progresjon og fagforståing, og dessutan læra seg å vera ein kreativ samarbeidspartnar i eit filmteam.

Neste opptak til kunstfagleg bachelor i film og TV er i 2023 med søknadsfrist tidleg januar 2023

  • Neste opptak Søknadsfrist 12. januar 2023
  • Studiestart Studiestart kull 14: August 2023
  • Studiestad Lillehammer
  • Studielengde 3 år heiltid
  • Hovudspråk Norsk (skandinavisk)
  • Studiepoeng 180