Klipp Bachelor i film og TV

Oppgåva til klipperen er å setja saman bildeelementa slik at historia flyt, karakterane lever og publikum får sjå den historia regissøren ønsker å fortelja. Publikum skal dragast inn i eit univers og ønskje å vere i det universet til historia er fortald. Til dette har klipperen mange verkemiddel og metodar og det er det du som klippestudent skal få læra.

  • Studiestad Lillehammer
  • Studielengde 3 år
  • Studiepoeng 180
  • Språk Norsk (Skandinavisk)

Studiet i filmklipp har som mål å gje deg dei kunnskapane som trengst for å analysera filmmanuskript og vurdera det innspelte filmmaterialet. Du får innføring i dei filmelementa som har forteljarpotensial: komposisjon, bildedynamikk, bildeutsnitt, mise-en-scene, forteljarstandpunkt og dramaturgi. Du vil fordjupa deg i korleis idear blir forsterka gjennom montasje og om korleis bildedialog oppstår mellom bilde.

Karrieremoglegheiter

Som ferdigutdanna filmklipper har du kunnskap som gjer deg i stand til å klippa filmar i ulike format og sjangrar. Du har gode samarbeidsevner og har ein kreativ og kunstnarleg forståing som gjer deg til ein verdifull medspelar i eit filmteam. Du vil òg kunna arbeida sjølvstendig. Målet er at du utviklar ditt eige blikk slik at du kan ta kunstnarlege val på vegner av filmen og omsetja dette i klippeprosessen.