>> Her finner du opptakskravene for manuslinjen. Søknadsfrist 13. januar 2025.<<
I løpet av studiet skal du som manusstudent utvikla evna til å samarbeida godt med studentane på regi– og produsentlinja. For å få til dette er studiet sett saman av ei rekke obligatoriske fellesproduksjonar og dessutan linjeundervisning som er spesialtilpassa for manuslinja.
Karrieremoglegheiter
Etter fullført utdanning skal du vera rusta til eit yrkesliv som profesjonell manusforfattar i film- og tv-bransjen. Du vil ha opparbeidd deg eit allsidig, handverksmessig repertoar og eit bevisst forhold til deg sjølv som manusforfattar. Du har tileigna deg kunnskap som gjer deg i stand til å handtera forskjellige sjangrar og format og vil vera ein verdifull og kreativ samarbeidspartnar for regissørar, produsentar og medforfattarar.
- Studiestad Lillehammer
- Studielengde 3 år
- Studiepoeng 180
- Språk Norsk (Skandinavisk)