Foto Bachelor i film og TV

Som filmfotograf er du ansvarleg for den visuelle utforminga av filmen og den kameratekniske gjennomføringa. Hovudoppgåva di er å overføra visjonen til regissøren til lerretet. Samtidig skal du ha både kreative og tekniske evner.

  • Studiestad Lillehammer
  • Studielengde 3 år
  • Studiepoeng 180
  • Språk Norsk (Skandinavisk)

Fotografen har derfor ein svært viktig funksjon i ein filmproduksjon. Arbeidsoppgåvene er fleire. Du skal vera arbeidsleiar, fagsjef og ein god samarbeidspartnar. Du jobbar tett med regissøren, scenografen og digital visuell design. I tillegg skal du ha ein god dialog med produsenten og klipperen.

Ved sida av å bruka lyset til å skapa dei ynskte stemningane, er ein viktig del av arbeidet til fotografen å operera kamera, dvs. handtera alle rørslene til kameraet både handheldt, på stativ og på dolly eller anna grip-utstyr. Dette kan samanliknast med ein musikar som speler på instrumentet sitt, det krev mykje øving. Studentane blir oppfordra til å bruka tid til eigne øvingar og mengdetrening. Hovudfokus under heile undervisninga, og i alle øvingar, er visuell filmforteljing.

Karrieremoglegheiter

Som ferdig utdanna filmfotograf kan du jobba som fagsjef på reklame, musikkvideoar og tv-seriar. Du vil òg kunna jobba som b-foto på forskjellige typar filmprosjekt.