Undervisning

Fellesundervisninga omfattar fleire tema, som kan inkludera cinematurgi (den audiovisuelle forteljingas gramatikk), dramaturgi, filmhistorie og kunstfilosofi.

Linjeundervisninga blir varetatt av hovudlærar (i samspel med faglærarar der det er fleire lærarar på ei linje) og er beskrive under den enkelte linja.

Filmskulen knyter til seg nasjonal og internasjonal spisskompetanse ved å tilsetja hovud- og faglærarar som er aktive og profilerte filmskaparar. Sidan desse held fram med karrieren sin samstundes med at dei underviser på DNF tar dei alltid med seg nye erfaringar og bransjenær kunnskap i møte med studentane. Der det er fleire lærarar på ei linje vil dette òg sørgja for at studentane får eit mangfald av impulsar å læra frå, i tillegg til at det er mogleg å halda oppe kontinuitet sjølv om ein lærar blir borte ein periode på ein produksjon utanfor skulen. Utover dette blir læringsmiljøet til skulen gjort rikare av eit betydeleg tal gjestelærarar frå norsk, skandinavisk og internasjonal filmbransje. Desse kan undervisa på ein eller fleire av dei åtte linjene til skulen og i nokre tilfelle blir dei også knytt til fellesundervisning.

Evaluering og eksamen

Studieprogresjonen til kvar einskild student blir evaluert kontinuerleg av hovudlærar og faglærarar. Kvar student får ei grundig individuell vurdering av eigen faglege progresjon ved avslutninga av både første og anna år. Dette blir gjennomført ved ein samtale med hovudlærar og/eller faglærar og studenten vil få ei fagleg tilbakemelding både på eiga utvikling og på kva område studenten bør fokusera framover.

Der ein student har hatt ein særs lite tilfredsstillande utvikling kan vedkomne òg bli innkalla til ein samtale med dekan og/eller undervisningsleiar for å vurdera framtida ved Den norske filmskulen.

Studiet blir avslutta med ein eksamensfilm, som kan vera ein 20–25 minutt long fiksjonsfilm der alle fagfunksjonar deltek i team sett av skulen. I tillegg har mange linjer eit individuelt fordjupningsprosjekt utvikla etter rådspørjing hos faglærar. Eksamensfilmen og fordjupningsprosjektet (der det er relevant) utgjer grunnlaget for avsluttande eksamen. Vurdering av eksamen skjer både i produksjonsteam og individuelt, og er basert på intensjonsfråsegna. Eksaminering blir gjort av hovudlærar eller faglærar og ein ekstern sensor og det blir gitt karakteren bestått / ikkje bestått.

Vurderingsformer

Den norske filmskulen nyttar ikkje summativ vurdering (karakterar). I tillegg er det inga formell vurdering av studentanes meistring av kunnskaps- og evnemål. Studiet er bygd opp slik at den enkelte må beherska den fastsette kunnskapen og evnene til fagfunksjonen for å ha god nok handverksmessig kompetanse til å kunna utvikla det kunstnarlege talentet sitt. Studiet utviklar den kunstnarlege uttrykkskompetansen til studentane og deira evne til refleksjon over eigen kunstnarleg praksis; det er denne som blir jamleg vurdert undervegs i studiet gjennom evalueringar av øvingsproduksjonar og individuelle samtalar med hovud- og faglærarar, og er i tillegg fokus i sluttevalueringa ved eksamen. Alle øvingar på filmskulen, inklusive eksamensfilmen, blir vurdert på grunnlag av intensjonsfråsegna til den einskilde student. Dette er eit dokument studenten skriv som skal omfatta både eigen kunstnarlege intensjon innanfor ramma til oppgåva og ei skildring av kva handverksmessige og faglege greip som skal nyttast for å oppnå denne intensjonen. Den individuelle intensjonsfråsegna skal òg henga saman med den felles intensjonen til teamet med filmen.

Læringsutbytteskildring for studiet som heilskap

Den norske filmskulen ventar at alle studentar når eit overordna felles læringsutbytte.

Spesifikt læringsutbytte for dei einskilde fagretningar er beskrivne under dei etterfølgande inndelingane for linjene.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har brei kunnskap i filmforteljing, herunder dramaturgi og audiovisuell forteljing
  • Kandidaten har brei kunnskap om forteljartradisjonane og estetikken til filmen og dei audiovisuelle medium
  • Kandidaten har kunnskap om verktøy og arbeidsmetodar som blir nytta på profesjonelle filmsett og i eige fagfelt
  • Kandidaten har brei kunnskap om organisering av profesjonelle filmsett og relasjonane mellom forskjellige fagfunksjonar

Evner

  • Kandidaten kan realisera ein kunstnarleg intensjon på eit profesjonelt nivå innan eige fagfelt og fagfunksjon
  • Kandidaten kan nytta kjente forteljarmessige grep og tradisjonelle reiskap i produksjon av eige arbeid
  • Kandidaten kan nytta handverksmessige reiskap og profesjonelle arbeidsmetodar i utøvinga av eige arbeid
  • Kandidaten kan utøva og meistra eigen fagfunksjon i eit profesjonelt team

Kunstnarleg uttrykkskompetanse

  • Kandidaten meistrar det å formidla ein kunstnarleg intensjon på eit profesjonelt nivå innan eige fagfelt
  • Kandidaten meistrar å produsera verk som både byggjer på og utfordrar tradisjonane til feltet
  • Kandidaten greier å jobba målretta og sjølvstendig og saman med andre i eit profesjonelt team i gjennomføringa av eit felles kunstnarleg prosjekt
  • Kandidaten greier å ha ei reflektert haldning til eige fag og til dei utfordringane og yrkesetiske problemstillingar som oppstår i eit kreativt samarbeide